Showdown 2020 – fritidsklubbar og kommunereform

I 2020 kan hundrevis av fritidsklubbar bli lagt ned. I 2020 kan hundrevis av fritidsklubbar bli ei pålagt og viktig oppgåve i heile landet.

Det er dramatisk stor avstand mellom «worst case scenario» og moglegheitene som ligg føre oss når kommunar skal slå seg saman.

Noreg er landet i verda kor vi finn flest kommunale ungdomshus, ungdomsklubbar og fritidsklubbar. Få land har utvikla slike møtestader for tenåringar til å vere eit tilbod som dei aller fleste lokalsamfunn seier er rus- og kriminalitetsforebyggande, kulturskapande, mangfoldige og inkluderande og byggande for dei som treng å mestre.

Over 700 fritidstiltak på 428 kommunar gir eit snitt på over 1,5 fritidsklubbar per kommune. Ungdom og Fritid har samla desse ungdomshusa i ein medlemsorganisasjon som kvart år husar omlag 50 000 ungdommar og eit par tusen særs viktige vaksne.

1. januar i 2020, om mindre enn fem år, vil talet på kommunar truleg gå ned frå 428 til omkring 150. Regjeringa har sett i gang ein kommunereform som ser ut til å bli gjennomført. Anten vi er mot eller for, så vil eg setje pengane på at nyttårsrakettane markerer eit nytt kommunenoreg 1. januar 2020. Vil kommunesamanslåingar føre til ei massenedlegging av ungdomsklubbar, eller vil det kunne markere ein ny sjanse for kampen for lovfesting av fritidstiltak i alle kommunar?

Kommunane har byrja å snakke med kvarandre om kven som skal slå seg i lag. Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om kva for nye oppgåver kommunane skal få. Står det noko om kommunar og ungdomspolitikk, ungdomssatsing, fritidssatsing der? Svaret er nei. Ungdom er ikkje nevnt. Frå og med no, til og med 2016, skal innbyggarar i alle kommunar bli innvolvert på ymse vis. Frå 2016 til 2018 skal det avgjerast kva for oppgåver dei nye kommunane skal ha.

Nasjonalt vil det handle om påverknad av regjering og storting om å la fritidsklubbar og ein fritidspolitikk for ungdom bli ei viktig oppgåve for kommunane. Her må Ungdom og Fritid finne gamle og nye alliansar og arbeide taktisk og intenst!
Lokalt vil det handle om påverknad av dagens kommunar og dei nye kommunane for å setje ungdomssatsinga og ungdomshus som prioritert oppgåve når dei skal forhandle med kvarandre dei neste tre-fire åra. Her må ungdommar og vaksne tilsette i alle fritidsklubbar kome på banen med ein gong. Vi må nå fram til politikarane om at tilboda for ungdom blir endå viktigare i framtida uansett kommunereform.

Den store trugselen med større og færre kommunar er at vi får meir sentralisering og innsparing. Den store moglegheita ligg i at større kommunar gir nye oppgåver og meir ansvar. Storting, regjering og politikarar leitar desperat etter nye oppgåver kommunar skal få. Vi kan gje dei vår kamp for fritidsklubbar og ungdomssatsing i alle lokalsamfunn på eit sølvfat. Vi må stille krav om eit innhald i husa med gode tilsette, satsing på rusfrie ungdomstilbod med aktivitetar for alle, inkludering, mangfold og møtestader som skaper trivsel og samhold.
Om berre eitt år er det vanskelegare å kome inn i debatten.

Dette bør vi diskutere no og framover:

Korleis kan vi som bur rundtom påverke kommunane slik at ungdomsklubbar overlever og blir prioritert når kommunar slår seg saman?
Kan kommunereformen bli utnytta til vår fordel?
Bør Ungdom og Fritid endre kampen for lovfesting dersom det blir få kommunar fordi det berre tryggar éin klubb per kommune?
Korleis skal Ungdom og Fritid påverke og finne alliansar?

Det er heilt sikkert at dei neste fem åra vil bli avgjerande for om Noreg framleis er beste landet i verda i å ha kommunale fritidstiltak, eller om vi går i mot ei utvikling kor langt fleire ungdommar må stå i tøffe tak for å stå oppreist i ei pressa fritid der tilboda er basert på konkurranse, kontingent og mindre trygge, tilgjengelege og vaksne aktivitørar og rollemodellar. Fritidspolitikk for ungdom er ikkje sett på dagsorden i debatten om kommunereform per tid. Om ingen lukkast å gjere dette til ein viktig kamp i kommunereformarbeidet, vil vi oppleve eit ras av nedleggingar frå 2020. Om vi lukkast, kan det vere sjansen vi har venta på: – Å få gjennomslag for at kommunar skal vere instruert til å tilby alle ungdommar i alle lokalsamfunn opne møteplassar kor det er ungdomsarbeidarar og aktivitetsutstyr på innsida.